EIN GRØNARE START

Rikke Frafjord Ørstavik

rikke.orstavik@gmail.com
986 30 754

KORLEIS KAN GRØNARE VANAR BLI IMPLEMENTERT I BARNS LIV?

Kva ynskjer du å oppnå med prosjektet ditt?

Målet var å skape ein morosam, men òg lærerik måte for barn å lære om tema redusering, gjenbruk og resirkulering innanfor forbruk og materialbruk. Leiker og aktivitetar skulle trigge nysgjerrigheita og få dei til å lære meir om temaet.

Kva har inspirert deg?

I byrjinga fann eg inspirasjonen i ein sommarjobb eg hadde i eit interkommunalt selskap i Stavanger for fire år sidan. Eg såg moglegheita til å kombinere resirkulering og gjenbruk med utdanninga mi. Då eg var med på Parkdagen sommaren 2015 og fekk sjå kor bra barn reagerte på ei leike eg hadde med, tok mastergraden min ei ny vending. Det som dreiv meg vidare framover var nyfikna og engasjementet til barna. Dette gjeld spesielt barna i tredje klasse på Christi Krybbe skole, som eg har jobba masse med i samband med workshopar og undersøkingar. Når eg tvilte på prosjektet og det

Kva har du oppdaga undervegs?

Eg valde å jobbe med barn, for eg oppdaga kor vanskeleg det er å endre åtferd og vanar hos vaksne. Barn er opne for nye ting, og synest ofte det er spennande å lære noko nytt. Jo eldre ein blir, jo vanskelegare er det å endre vanar som har sett seg i kroppen. Men eg har òg sett at folk er opne for forandring, dei er villige til å endre på ting.

Kva har blitt resultatet?

Resultatet er eit pop-up-space bygd opp av modular av leiker og aktivitetar som skaper rom i rom og som lærer barn om redusering, gjenbruk og resirkulering. Leikene kan enkelt monterast, settast opp, og takast ned igjen. Det er eit oppsett som reiser rundt til ulike SFO-ar der barn kan leike og lære så mykje dei vil i ei veke, før det heile blir pakka ned og frakta vidare til neste SFO.

Kvifor har dette vore viktig for deg?

I dei siste åra har eg byrja å legge merke til korleis forbruket vårt har utvikla seg, og det er litt skremmande. Eg ville gjerne bruke interiørarkitektur-utdanning mi til å bidra med ein tanke om å ta vare på og lære å setje pris på det me har.

Kva kan dette bety for samfunnet?

Eg trur at når barn kan leike seg fram til kunnskap, får dei ei større interesse for temaet. Dermed vil forhåpentlegvis haldningane endre seg hos dei kommande generasjonane, men òg på tvers av generasjonane. Barn kan vere med på å endre åtferda og tankegangen til vaksne.