KVA ER POTENSIALET I AGGRESJON?

Maria Nordtveit

maria.nordtveit@gmail.com
936 65 673

KORLEIS KAN POTENSIALET I AGGRESJON UTFORSKAST GJENNOM DESIGN?

Kva ynskjer du å oppnå med prosjektet ditt?

Eg ynskjer at prosjektet skal skape refleksjon og nyfikne kring temaet aggresjon, og eg har ynskt å undersøke kva aggresjon er og kva det kan vere. Det er eit langsiktig mål at refleksjon kring temaet skal føre til debatt om kva rom me vil gje aggresjon i samfunnet vårt.

Korleis har prosessen vore?

Prosessen har, heilt ærleg, vore lang og krevjande. Det er nytt for meg å jobbe med design på den måten eg gjer i masterprosjektet, der eg ikkje løyser noko problem, men i staden stiller spørsmål. Og det tok også lang tid før eg kom fram til at dette var ein måte eg kunne løyse oppgåva på. Temaet eg har teke føre meg er komplekst, og det er nettopp noko av denne kompleksiteten eg håpar publikum vil reflektere kring. Difor kjendest det riktigare å stille spørsmål som publikum skal ta stilling til framfor å kome med eit bestemt standpunkt.

Korleis har du valt å løyse denne oppgåva?

Problemstillinga har eg løyst ved å skape ei fiktiv merkevare som lagar produkt som regulerer aggresjonen vår, basert på scenarioet «Kva om me kan kontrollere vår eigen aggresjon?» Produkta og merkevara skal framstå som heilkommersielle. Eg ynskjer med denne løysinga å invitere publikum inn i ei verd der denne merkevara og dei tilhøyrande produkta eksisterer.

Kven vil særleg ha nytte av prosjektet ditt?

Spørsmålet er vel snarare kven som vil ha utbytte av prosjektet mitt. Prosjektet ventar noko av publikum, det er ikkje rett fram. For å få mest mogleg ut av prosjektet bør ein nok bruke noko tid på det. Det hjelper også å vere ein person som er nyfiken av natur, og som likar å analysere. Det har ikkje vore viktig for meg at nokon nødvendigvis skal ha direkte nytte av det, eller at det skal vere enkelt å forstå.