HR.METIKKEN

Anne Mjåseth

annemjaseth@hotmail.com
415 40 674

KORLEIS LAGE EIT BYGG SOM FRAMHEVAR DET ASKVOLL HAR Å TILBY – OG SOM SAMTIDIG KAN TILBY ASKVOLL ENDÅ MEIR?

Kva ynskte du å finne ut av?

Ynsket var å inspirere og gje noko attende til heimbygda mi, Askvoll i Sunnfjord – staden eg for alltid vil kalle heime. Eg ville utforske korleis eg som interiørarkitekt kan forbetre og legge til rette for aktivitet og sosiale tilbod i kommunen.

Kva har inspirert deg?

Det som har inspirert meg har vore naturen og dei ulike tilboda som skulle inn i eitt og same bygg. Korleis ein kan få dei til å spele på lag. Ikkje minst har lokaliseringa inspirert meg. Den gamle hermetikk-fabrikken frå 1925 ligg i Askvoll sentrum. Det å bli kjent med den og all historia og sjarmen som ligg i alle romma. Den har inspirert meg til å ta i bruk arkitekturen og særpreget til bygget i designet.

Kva har blitt resultatet?

Resultatet har blitt eit fleksibelt aktivitetssenter i hermetikkfabrikken. Eit bygg som ein gong var hjørnesteinsverksemda i Askvoll, skal atter ein gong bli viktig. Det skal no bli forma om til eit livleg hus der valet om kva det skal innehalde er opp til folket. Her er det framsnakk som er tingen, om kva små forretningar og personar har å bidra med. Frå matrettane som blir laga, kunsten som blir utstilt og kursa som blir haldne til gründer-kontora som blir leigde ut. Designet er i tråd med bygda sin historie og natur, og sjølvsagt fabrikken. Det er røft, tøft og samtidig lunt – som vestlendingar flest.

Kva kan dette bety for samfunnet?

Eg meiner at eit samlingspunkt for lokalsamfunnet er utruleg viktig for trivselen og livskvaliteten til folk. Ein slik plass er med på å skape ein identitet på ein stad, og vil deretter bli som eit spegelbilde for bygda. I løpet av desse to åra har eg lært at det er mange små samfunn rundt om i Noreg som saknar eit slikt samlingspunkt. Eg håpar at mitt fokus på kva bygda kan gje og bidra med vil inspirere kommunar rundt om i landet til å løfte opp dei ressursane som allereie er der og skape noko spennande saman.